 |
Mandag 23. januar 2012
Kull nr 2 til Bef blir etter planen laga til helga. Sjå hovudsida
for meir info.
Mette
|
|
12 desember 2010 - mykje har skjedd siste
oppdatering
* Det triste først - under peiker våre hundar kan
du lese at vi har mista Pavo.
* Under peiker resultat viser vi nokre bilde frå mentaltest
av hundane.
* Under jakthundtrenig ligg bilde og omtale av treninga med H-kullet
til Bef.
|
H-kullet etter Bef og Amigo er no godt plassert i nye
heimar og alt (vi har fått høyre om iallefall) går
så langt veldig bra. Vi møtast til første samling
laurdag 24 juli og inntil det får vi kose oss med bilder av
de søte små.
Som nr 5 presenterer vi Hugo som bur i Hammerfest
- her i midnattsol

Som nr 4 presenterer vi Hjørdis som
bur i Vågå
Hjørdis får to bilder sidan
eg har fått så mange flotte teke av ein dyktig fotograf
- Trine

Her ser vi Hjørdis og Kjersti trene
kontakt noko som er svært viktig og positivt for alt sammarbeid
seinare
Som nr 3 presenterer vi Hero som er så
heldig å bu på Valderøya på Sunnmøre

Som nr 2 presenterer vi Hunter som bur i
Son

Først presenterar vi Happy som bur
i Bodø;

Fjordlandets Happy |
Fjordlandets Grei og Fjordlandets Gobi forsvarte
familiens ære på NVK's 75-års jubileumsutstilling
i pinsa

Grei som ligg fremst fekk CERT (han
er jaktpremiert) og bror Gobi bak fekk CK. Kvalpane er med i bakgrunnen |
Siste nytt fredag 2. april
2010:
I dag har vi ei litt trist nyheit å kome
med og ei mykje trivlegare. Tirsdag 30. mars 2010 vart Centa sin
siste dag. Ho vart nesten 13 år gamal.

SNUCH Fjordlandets Centa - bildet viser at Centa
var ei sprek 13 år gamal "dame"
Ho fekk livmorbetennesle i februar, men ho vart
fort kvitt den og alt såg OK ut. I samband med betennelsen
hadde ho fått små blødningar som var hormonelt
relatert. Ho hadde no hatt meir eller mindre blødningar i
ein mnd og det var nok dette som tappa ho for krefter og ho fekk
veldig lavt blodtrykk. Centa var med meg på skitur på
mandag, men var då litt slapp og tirsdag morgon såg
eg at ho var så dårleg at det ikkje var noko meir å
gjere. Ho hadde eit langt og flott liv. Ho var frisk og så
og seie uten skader heile livet. Ho var Norges best jaktpremierte
langhårvorsteh gjennom tidene og vi håpar no at ein
yngre hund snart kan ta frå ho denne tittelen.
Bef skal snart debutere som mor og kanskje er det
ho som blir mor til den som tek frå Centa tittelen?

Det er i dag nesten 3 veker til kvalpane
blir født og Bef er ganske stor no så vi trur det blir
mange kvalpar. Vi har hatt besøk av potensielle kvalpe og
fleire kjem innom dei nærmaste dagane. Det set vi stor pris
på. |
Siste nytt tirsdag 16. mars: Bef
er drektig og vi ventar eit normalt stort
kull født ca. 20. april
Vi har valt å
inseminere med ein annan hannhund enn han vi først hadde
planer om. Det vart den same hannhunden som er far til vårt
forrige kull; Amigo

Er du interessert i ein spennande
LV kvalp er det berre å ta kontakt. Vi tilbyr tett oppfølging
av våre kvalpekjøparar og kjører kurs frå
kvalpane er 3 mnd til dei er ca. 2 år. |
Nytt Fjordlandet kull er venta i mars/april 2010
- parringa er godkjent av avlsrådet i Norsk Vorstehhundklubb

Bef er no 4 år og har blitt
ein god jakthund. På jaktprøver har ho 2.
AK høgfjell frå Kongsvold, men har ellers
prestert dårlegare på jaktprøver enn ho gjer
på trening og på jakt. Dette heng saman med at ho
ikkje er spesielt robust i hodet. Ho har mange gode eigenskapar
som vi håper ho vil avle vidare; høg fart og intensitet
for rasen, god viltfinnerevne, svært godt eksteriør
(stort CERT frå utstilling og kvalifisert til Crufts
2010) og godt, livlig gemytt. Svake sider er som nemt
ein litt for mjuk psyke og pelsen burde vore betre. Ved bruk av
Wodan som er brun og kvit prøver vi også å
betre pelskvaliteten då dei som er brune og kvite ofte har
betre pels enn dei heilbrune.
|
Grevinnen av Leina
lev opp til sitt namn og kan skilte
med sin første TIUR i ein alder av 1 år !

Frå venstre Mr. Tiur, Karl
H Karlsen, Grevinnen av Leina
Og ikkje nok med det - vi har fleire
som kan skilte med sin første tiur;

Her ser vi to stolte gutter: Bjørn
Helland og Fjordlandets Fox Fenris (Garou)
Og ikkje nok med det - Grei har
"felt si første rype:

Grei var med oss på jakt i
Meråker i haust og på dag 2 ordna han opp og første
rype vart felt og vi tobeinte var iallefall veldig fornøgde.
Grei tok det litt meir piano - syns ikkje dette var noko å
lage så mykje styr av.
|
Wamilanghaar Bef første
(?) LV med 2. AK på Kongsvold !!
19. april 2009 fekk
Bef omsider vist litt av det ho er god for og fekk altså
sin første jaktpremie og det i NM-finale terrenget på
Kongsvold. Bef gjekk tildels opp mot sitt beste, men gjekk for
ujamt til at det kunne bli 1. AK denne gongen.

Viss alt går
etter planen blir det kull på Bef vinteren 2010. Ho skal
få hausten 2009 på å vise at ho har jaktkvaliterer
som det er verdt å ta vare på. Til dette kullet treng
vi erfarne hundefolk som kan tenke seg å
prøve ein spennande LV kombinasjon.
Ta kontakt om
du er interessert.
|
SJÅ JAKTHUNDTRENING FOR
OMTALE AV OG BILDE FRÅ 2. SAMLING MED G-KULLET |
Grevinnen av Leina som bur i Tromsø
- ei tøff lita dame:
Sjå etters under Jakthundtrening
for bilder frå 1. samling med G-kullet

|
Gela som no har blitt 18 kg og
53 cm høg ser ut til å bli ei fin dame:

Og ho kan ikkje akkurat klage på treningsterrenget
heller.........................

Gela og Knut |
Er dette Norges eldste langhår vorsteh
?
Han er i sitt 16 år !!

Dette er Aiko - født 23.9 1993. Mor er
min første langhår; Diba av Trollberg og far er Ignatz
V Elbufer. Han hadde 8 søsken, så langt vi veit er
han den einaste i kullet som lever i dag. Inger Garås er
den stolte og fornøgde eigar og dei bur i Mjøndalen.
|
Vi gleder oss til å sjå
igjen mange i F-kullet på trening på Vinjeveien helga
24-25 januar. G-kullet kjem på si første samling laurdag
14. februar - velkomne skal alle vere.

Her ser vi Fox Fenris (Garou) i fint driv
i håp om å få fuglen på vingane !
|
GOD JUL OG GODT NYTTÅR TIL ALLE FJORDLANDET
AVKOM OG DEIRA TOBEINTE FAMILIEMEDLEMMAR!

Her ser vi Gemina og eit par familiemedlemmar.
Ho var den største av tispene ved levering og er vel fortsatt
det.

Her har vi Gobi og Grei på
tur på fjellet 27. des - 3 ryper i dag, men det var på
bestemor Centa og Bef

Den største av brødrene
er Gobi som no (27.12) veg 13 kg

Geisha pr 21 des 08 - også
10 kg og er i følge eigar strålande fornøgd
med livet!

Her ser vi Gaia pr 21 des - på bildet
er ho på jakt etter vår Pavo - Gaia er no 11 kg og har
hatt sin første kontakt med orrfugl i skogen!!

Her har vi GROM (som først
heitte Geo) som helsar til alle søsken, pr 19 des vog han
11 kg og er ein tøffing |
Kvalpane etter Fjordlandets Extra og danske Amigo
har fått nye heimar:

Her ser vi først Karl-Henrik og Grevinnen
av Leina og til høgre Anne-Kari m/fam og Geisha
 
Her har vi gutta; Hanne/Øystein
med Geo og Randi/Odd med Gobi og Grei

Her har vi familien Tronsen med
Gemina. Hans Olav, alle barna og Gaia klarte underleg nok å
kome seg unna fotografen - vi kjem sterkare tilbake med dei to
!
|
| Fjordlandets Centa, 11 ÅR GAMAL, imponerte
stort i helga - SJÅ "RESULTAT" |
TOPP RESULTAT FOR FJORDLANDET HELGA 23 - 24 AUGUST PÅ KONGSVINGER
GRAD PRIX - SJÅ "RESULTAT"
Status kull etter Extra og Amigo:
Klikk på "Kvalpar"
Status Cita: Cita fekk ein - 1
tispekvalp 18. oktober. Ho er brun/kvit, men aller mest brun.
Begge parringane våre er godkjent av avlsrådet
i NVK og alle kvalitetsvurderte vorsteh-kull
vil du til ei kvar tid finne på www.vorsteh.no.
Pris på kvalp etter Extra og Cita
er kr. 8000 + kr. 1000 i HD-depositum. Dette blir bet. tilbake når
avkom er HD-røntga seinast 14. mnd gamle.

Bilde tatt søndag 25. august på dag
56 i drektigheita |
Rull nedover på sida og sjå
bilde av hannhunden vi skal bruke på Jærlosens Cita
Fjordlandets Extra er inseminert
med dansk avlshund Amigo.
Dette er Amigo - han er født i 2003 og har
eit kull frå før i Norge født i 2008. Han
er svært allsidig jaktpremiert og har CERT på utstilling.
Han var i Norge i ei veke i samband med første parring
og tispeeigar rapporterte om eit MEGET stødig gemytt.

Ein flott hund som i sitt første
kull i Norge fekk 10 kvalpar og no sitt andre kull der alle kvalpane
vart brune og kvite som foreldra.

|
Fjordlandets Extra

Fjordlandets Extra er no 5 år og har eit kull frå
før. Alle 10 avkom er røntga og alle har A-hofter.
4 avkom er vist på jaktprøver og 2 er premiert. Ei
tispe med 1 AK frå Sverige og ei tispe med 3 AK frå
Norge.
|
Jærlosens Cita -
vi har omsider funne hannhund til Cita; den Tysk/Nederlandske avlshunden
Wodan
Wodan v.h Westervlier

Wodan v.h Wetservlier
er 8 år - han bur i Nederland, heilt på grensa
til Tyskland og er avlsgodkjent etter det tyske systemet. Han er
derfor ein svært allsidig herremann, er godt vinkla og ikkje
tung for å vere tysker. Vi har vore i Nederland for å
sjekke ut aktuelle avlshundar og Wodan er altså ein av dei
10 vi sjekka ut som kom gjennom nålauge. Vi har fått
sjekka gemytt og sett han i aksjon og det var fint driv på
han. Vi håpar å få lagt ut nokre betre bilde av
han seinare - dette er eit bilde teke "i farta" når
vi var der og hadde dårleg tid.
Jærlosens Cita - ho har 3 x
2 AK på skog hausten 2007 og ho er 2,5 år gamal. På
utstilling har Cita 1. AK m/CK.
Ho har A-hofter og alle søskena (7 søsken)
er også HD-frie. Ho har to jaktpremierte søsken.

Flott vinterbilde av Cita
Kvalpekjøparar
- vi stiller store krav mht oppfølging av kvalpen. Vi vil
primært selge til personar som skal bruke hunden på
jakt. Det er ikkje krav om erfaring med hund frå før.
Vi tilbyr kurs for våre kvalpekjøparar fram til hunden
er ca. 2 år gamal. Intresserte kan ta kontakt med oss vi e-post.
|
Vi har mista BIO - han vart berre to år
gamal

BIO vart påkjørt og døde fredag
30. nov 2007
|
|
Det er stadig gode nyheiter å bringe
frå Fjordlandet og langhår; Vår strihår;
lille Bio som no ikkje er så liten lenger skal denne hausten
brukast i avl for første gong. I tillegg skal han stille
i Norsk Derby for unghundar.
Kullet til Extra og engelske Jack er no ferdig røntga
alle ti. Alle har A-hofter og dei fem som også er AA-røntga
har også A-albue. Flott resultat og ekstra bra er det at nye
hannhundar som blir teke inn frå andre land har så gode
resultat helsemessig. Blixtra i Sverige har stilt
på apportprøve i AK (det er lov i Sverige før
fylte to år) og fått premiering, ho har og vore på
apportprøve for unghundar og fått 10 - 10 som er maks.
I tillegg har ho vore på blodsporprøve og er godkjent
der. Frodo på Sørlandet har og vore
på apportprøve og fått 1 UK. Gratulerer til begge.
Onkel og tante til dette kullet; Evo
og Erte har igjen utmerka seg. Denne gongen på
apportprøve og utstilling. Klikk på resultat for meir
info. |
Ny 1. UK på Bio 22.4.2007:
Bio var på Artic Cup i Alta og fekk
berre fin omtale der, men ingen premie. Den kom i går på
Dovre etter 80 min. Det er hans andre jaktpremie - begge 1. UK ! |
Pr. 27. mai er 4 av 10 i kullet etter Extra og
Jack HD-avlest og alle har A-hofter. 2 stk er også AA-røntga
med A-albue. Vi ventar fleire resultat avlest i neste veke. Kullet
er no 15 mnd gamle.
HD-resultat frå SV Bio og hans søsken
(Vingelia's Winther og A Julie EG): 4 av 12 er så langt røntga
og alle har A-hofter ! |
Fjordlandets Evo er kåra til Årets
best jakpremierte langhår i Norge i 2006

For meir info - sjå Resultat
|
JAKTPREMIE til Fjordlandets Fjell-Blixtra !!!!!!! (SJÅ
"Resultat)
Fjordlandets Diba er NORDISK VINNER 2006 etter å
ha gått til topps i Vikingskipet den 19. nov.

Gå til "Resultat" for å sjå
det offisielle bilde av Diba jr. frå Vikignskipet.
Fjordlandets Fryd og Fjordlandets Frodo fekk begge
tittelen NORDISK JUNIORVINNER 2006.
Det stilte 14 langhår på utstillinga. |
FJORDLANDETS EVO (Fjordlandets Centa og
Leineri's Swix) MED 1. AK PÅ SKOG !!! og ikkje nok med det:
Helga 22-24 september var det NM-skog på
Stange og Evo kom til semifinalen med 2 AK i kvalifiseringa på
fredag.
I semifinalen fann han igjen fugl ganske
tidleg i første slipp, det viste seg å vere eit stort
orrfuglkull berre 3-4 m unna Evo. Han fekk beskjed om å reise
og då vart det litt for hett for han når det gjekk opp
fugl overalt og han vart med litt for langt og vart slått
ut. MEN, EVO ER SÅ VIDT VI VEIT DEN FØRSTE LV I NORGE
SOM HAR KOME TIL SEMIFINALE I EIT NM. gratulerer igjen til Evo,
Hanne og Øystein.
Mor Centa var med i NM for nokre år
sidan, men kom springande i los etter ein tiur og det var takk for
seg.

Mandag 21. august fekk Evo (født i 2003) altså
1. AK på skog med ikkje mindre enn 3 fuglearbeid. Han fekk
følgande kritikk:
"Evo går et meget godt og erfarent skogsfuglsøk
i veltilpasset fart og i kraftig aksjon i god kontakt. Går
på fot, stand, justerer, ny stand, reiser orrhane og er rolig
i oppflukt og skudd. Utreder greit og apporterer utlagt fugl korrekt.
Senere fotoppgang med stand, orrhøne letter og han er rolig
i oppflukt og skudd, utreder erfarent, ny stand, RIOS.
En utmerket jeger som taklet dagens vanskelige forhold og tildeles
i dag 1. pr AK skog.
Jaktlyst, fart, stil, søksbredde, reviering, samarbeid:
5-5-4- 4-4-4, presisjon: 1 noe upresis, 2 presis, reising: villig

Det er i dag to LV i Norge med 1. AK på
felt (oppnådd i Norge) og det er dei to på bilde her
Centa til venstre og sønn Evo.
Det er Hanne Solem og Øystein Gleditsch
som eig Evo og dei har gjort ein flott jobb med hunden. Han er jaktpremiert
frå, har 1. AK på utstilling og er i tillegg medlem
av 130-poeng klubben frå apport. VI GRATULERER SÅ MYKJE
OG VENTER SPENT PÅ RESULTAT FRÅ NM-SKOG !! LYKKE TIL!
|
HURRA, HURRA FOR 17. MAI !
No er LV Bef blitt 9 mnd og SV Bio er 7 mnd og dei to er omlag
like store - rundt 58-59 cm og altså ganske små. Den
28. mai skal Bef på si første utstilling i Ånnaboda
i Sverige - det blir spennande. LV Centa på snart 9 år
skal og stillast ut der viss pelsen er bra nok. Det blir i tilfelle
første gong Centa, som er NUCH, blir vist i Sverige.
Kvalpane til Extra og Jack er no ID-merka og vaksinert og alle
kvalpekjøparane har vore svært flinke til å trene
dressur. Vi får sjå kor flinke dei har vore når
vi møtast på første samling den 10. juni.
No til helga, den 20. mai skal vi ha samling nr. 2 for Bio og hans
søsken.
GÅ TIL "KVALPAR" FOR Å SJÅ DEI SISTE
BILDA FRÅ KULLET TIL EXTRA OG JACK.
|
SJÅ DEI SISTE BILDA FRÅ KULLET UNDER "kVALPAR"
!
Etter ei lang natt har vi no 10 friske kvalpar i huset - åtte
tisper og to hannhudar

Kvalpinga er ferdig, Extra har vore ute ein tur
og fått ein dusj og er klar til jobb

Her ser vi Extra som bit av navlestrengen med dei
bakerste tennene. Ho veit instinktivt at det er slik det skal gjerast.

Her blir kvalp nr. 10 født - sjå nøye
på bilde så ser du heile hovudet til kvalpen. |
No er det ikkje lenge til vi har huset fullt av kvalpar og det
kan bli mange

Dette er Extra onsdag 8. februar på dag 57 av drektigheita
- håpar ho ikkje ventar til dag 63...

Trening er viktig også for dei høgdrektige |
| Datter av Winther; svenske Assa (Maud) skal ha sitt første
kull - sjå lenger ned på sida |
Fjordlandets Extra er omsider inseminert
og nytt langhårkull blir født ca. 12 februar 2006. Far til
kullet er engelsk jaktchampion og heiter Wamilanghaar Drumelzier
(Jack). Extra er datter av Centa og Leineri's Swix. Ho er no 2,5
år og er jaktpremiert med 2 AK på høgfjell. Premien fekk ho på Ørskogfjellet
på Sunnmøre på sin aller første jaktprøvestart. Jack er altså
engelsk filedtrial champion og har hollansk blod i årene. Familen
til Extra bur i USA dette året - derfor er Extra hos oss og vi kjem
også til å følge opp dette kvalpekullet slik vi har gjort med dei
vi har hatt før.
Extra på ultralyd på dag 22
av drektigheita:

Det blir konstatert at Extra er drektig! No blir
det trenig omtrent som vanleg så lenge Extra syns det er OK.
Ho har litt problem med å få i seg nok mat akkurat for
tida så kroppen merkar nok at det har skjedd ei stor endring.

Her ser vi Extra i påska 2005

Her ser vi far til kvalpane; den engelske jaktchampion Wamilanghaar
Drumelzier (Jack) og hans eigar Theo Gold
Nytt og spennaden SV blod i Norge våren 2006:

Her er Maud (reg. namn Assa) på Fellesutstillinga 2005 der
ho vart beste SV. Maud har CERT på utstilling, fleire 1 UK
og ein 1 AK så langt. Ho er parra med ein tysk hund som er
importert til Sverige. Ei datter av Klaudius (Anna) er parra med
den same hannhunden og begge får kull i løpet av februar
06. Det er spennaden å følge avkomma til eigne avlsdyr
vidare i avlsarbeidet. Det er svært viktig å ta inn
nytt blod, men sjølvsagt også ein risiko. Vi vil følge
spent med avkomma til både Maud og Anna.

Dette er den stolte far Arko vom Linnert |
Arkiv frå 2005
Rjukan GP 2005
SV Arja (Bonni og Vingerlia's Winther) eigar er Grete Granerud på
Elverum. (Foto: Aleksander Kristiansen) |
| LV Centa fekk 2 AK fullkombinert på Hovden - sjå meir
under Resultat. |
Flotte resultat på avkom etter Vingerlia's
Winther
Så var dei to damene klar for ny prøve - denne gongen
ein skikkeleg fysisk test i tillegg til krav om å kunne handtere
fugl. På denne prøva får alle hundane 45 min samanhengande
slipptid og så får dei beste 15 min slipp til slutt for
å avgjere kven som kjem til finalen. Dei tek og med seg resultat
frå dag 1 til finalen dag 2 - hunden som er best dei to dagane
sett under ett er vinner. Ein flott måte å teste kvalitet
på!! Dei to SV damene gjorde sine saker bra, men Maud, som gjekk
svært bra, kom ikkje i fugl og vart derfor ikkje med i finalen.
Denne gongen var det lille Arja som gjekk heilt til topps på
sitt parti på dag 1 med to fuglearbeid. Det var elles dei same
3 vorstehhundane i finalen på denne prøva som det hadde
vore i Norsk Derby - sikkert ikkje tilfeldig. Etter finaledagen var
ferdig, i svært dårleg ver, fekk Arja 6 pr. med to fuglearbeid
frå dag 1.
Arja har denne hausten 100% premiering i UK i tillegg er ho godt premiert
i begge høgstatusløpa. Maud 83% premiering i UK og i
tillegg 1 pr kvalifisering frå Norsk Derby. |
Norsk Derby for unghundar på Kongsvold 24.-26. september
Fleire av avkomma etter Winther har gjort det svært bra på
prøver i haust - 3 av 4 som er vist på prøver
er premiert og to av dei har fått 1 UK. Det er Maud (Assa) til
Eirik Telje i Oslo og Arja til Grete Granerud på Elverum. Det
er Rune som har ført Arja på prøver og både
Arja og Maud har vore med i årets Derby på Kongsvold.
Maud gjekk heilt til topps på kvelifiseringa på fredagen
med 1 pr. og Arja gjekk vidare på søk. I semifinalen
kom Maud ikkje i fugl og Arja fekk 5 pr. i semifinalen. I finalen
vart Arja ikkje plassert, men det var ein vorsteh (KV) som vann Derby
for første gong i historia så helga vart flott uansett. |
To avkom etter Winther er klare for unghund Derby på Kongsvold;
Det er Arja til Grete Granerud på Elverum - det er Rune som
har gått med Arja - og Maud til Eirik Telje frå Oslo.
Eirik er nybegynner i prøvesamanhang og fått premie på
alle prøver han har stilt på så han syns nok dette
er ganske så enkelt...
4 avkom etter Winther har stilt på prøver i haust og
alle har fått premie. Arja og Maud har flest starter og har
premie på alle minus ein start - slå den!
Helga 4. og 5. september starta begge i Trysil og her fekk Arja sin
1 UK nr. 2 og Maud fekk 2 UK.
Lykke til i Derby'n begge to! |
Fellesutstillinga i Oslo 02.05.04:
I dag var vi på fellesutstillinga i Oslo saman med Gunnar Klingwall
og Erja og Erjas søsken. Vi fekk 4 med 1 pr og 2 med 2. pr!
Vi stilte ogås i oppdretter klasse og fekk HP
= HEDERSPRIS!!! Bilda ser du om du klikker på
Resultat-knappen! |
Centa har stilt på 3 vinterprøver i 2004 og har fått
2 premieringar - 2 x 3AK. Begge premieringane skjedde ved Femund på
ganske så vanskeleg og lett/sky fugl.
I tillegg stilte vi på Valdresprøva; laurdag såg
mitt parti ingen fugl i løpet av ein heil dag (kl 17:30), men
søndagen var bedre og Centa gjekk svært bra. Ho var ein
av to AK hundar som fekk full dag, fekk flott kritikk (5556444), men
kom dessverre ikkje i fugl.
Ei av Centa sine døtre fra kullet født i 2003, Erte
til Sissel Grongstad, har fått 2 x 3UK på jaktprøveprøve
i Troms i mars 2004.
Winther har ein liten skade i hofta si så vi stiller han ikkje
på vinterprøver i år og gamle Dio er pensjonert
som prøvehund og er fornøgd med det.
Dio (Klaudius) sine avkom gjer det forstatt svært bra på
prøvefronten og siste skudd på stammen er Eg til Gunnar
Gundersen som har fått 1 AK på Ørskogfjellet i
mars 2004. Er er 3 år gamal og i dette kullet er det no to avkom
med 1 AK (Eg og Anna) og Arro har 2 AK.
Avkomma etter Winther er no litt over eit år og blir vel først
stilt på prøver til hausten. |