Norsk versjon English version
Tilbake til hovedsida
Informasjon om sida vår
Våre hundar
Våre kvalpar
Resultat
Vorsteh historie
Jakthundtrening
Aktuelle saker
Gjesteboka vår

Historikk LV

(kilde: div Internettsider)


Den langhåra vorstehhunden er som de andre kontinentale fuglehundrasane ein allsidig jakthund, med evne og eksteriør velegna for å tåle mange forskjellege oppgåver og varierande jaktforhold. Som rase er den utvilsamt den eldste og mest reinavla av dei tyske ståande rasane.

Den første rasebeskrivelsen vart laga i 1879 og den første komplette standarden vart lagt fram i 1897 av Baron von Schorlemer.


Vi kjenner til rasen langt tilbake i tid og mange ulike rasar har vorte brukt for å kome fram til den hunden som fekk sin rasestandard i 1897; m.a. Wachtelhunden, men det er også innslag frå engelske rasar, m.a. Gordonsetter. Rasen har og mange felles anar og fellestrekk med Große Münsterländer og det har i mange tilfelle vore godkjente paringar mellom dei to rasane.

I Skandinavia er rasen relativt ung. Dei første hundane kom til Sverige i midten av 1970-åra og kom vidare til Noreg i slutten av 1970-åra. Det tok tid før det vart sett i gong avl på rasen i Noreg, men dei seinare 10-15 åra har vi hatt i gjennomsnitt 3-4 kull/år – maks 6 kull i de ”beste” åra. Frå 2000 og fram til i dag har det skjedd ganske mykje med langhåren – vi ser stadig fleire på jaktprøve og eit fleirtal av dei som i dag kjøper LV er folk som også skal bruke hunden til jakt. Det er ikkje lenger ”berre” ein pen turkamerat.

Den eldste vorstehrasen
Langhår vorsteh er så langt vi kjenner til den eldste av dei tre vorstehrasane. Kopparstikk og oljemaleri frå 1500-talet viser langhåra hundar av wachteltypen i ulike jaktsituasjonar, både på fuglejakt og jakt på anna vilt. Hundane var relativt små med brun pels, breitt hovud og kupert hale. På den tida hadde avl på standeigenskapar ikkje starta. I løpet av 1600- og 1700 talet utvikla jakthunden seg til ein stor, kraftig hund med eit roleg og ganske smalt søk. Jakt med langhår vorsteh likna då mest dagens jakt med spaniel.

ENGELSK blod blir teke inn
Smått om senn blir dei engelske rasane vurdert. Det som imponerte var smidigheit og fart og rundt 1850 vart det importert engelske hundar, m.a Gordon- og Irsksetter. For att få ein hund med betre fart og reviering vart det kryssa inn nokre engelske hundar i langhåren. Det var ikkje ei planlagt innkryssing og etterkvart vart det kaos mht typar og fargar. Det vart kalla; "Den gamle tyske marmeladen, men med engelsk saus".

FEM stamfedre
I 1878 vart den første avlsforeninga for langhår vorsteh danna i Berghausen. Året etter vart det halde ei stor utstilling i Hannover og rasestandard for langhår- og korthår vorsteh vart fastsett. Modell for langhårvorsteh vart hannhunden Mylord 1. Frå starten av hadde ein fem langhårlinjer – alle stamma frå ein og same hannhund. Dei fem hannhundane var Job, Don, Roland, Kalkstein og Mylord 1. Av desse hundane var det berre ein, Kalkstein, som førte vidare den brun/kvite fargevarianten. Det kan og nemnast at Mylord 1, gjennom kryssing med ei pointertispe, vart stamfar til ei rad korthår.

Deutsche langsam?
Rundt 1900 hadde langhårvorstehen utvikla seg til ein stor og tung hund - kalla "Deutsche langsam". For å endre på dette vart det starta eit systematisk avlsarbeid der ein brukte mellomstore hundar med gode jakteigenskapar. Det vart også kryssa inn noko Gordon Setter. Avlsarbeidet gav raskt resultat og kombinasjon av gode felteigenskapar frå dei engelske hundane, og arven frå den tyske ”ur-vorsteh” i form av vannpasjon, apportglede, godt ettersøk og rovdyrskarpheit gav den ideelle jakthund

Großer og kleiner münsterläder
Rundt 1878 var det ein del svart-kvite langhår og det var ikkje ønskeleg. Ein ville ikkje blande dei brune, brun-kvite og dei svart-kvite hundane, men ville stambokføre dei svart-kvite hundane i ein separat del av stambokregisteret. Detta systemet varte så lenge som til 1943. Dei svart-kvite hundane var grunnlaget for rasen Großer Münsterländer som offisielt vart oppretta i 1919. På 1960- og 1970talet vart igjen langhår kryssa inn i Großer Münsterländer. Som ein kuriositet kan og nemnast att på midten av 1920-talet vart langhår kryssa inn i Kleiner Münsterländer og som eit resultat kom skimmelfargen hos Kleiner Münterländer.







 
 
 
Tilbake til toppen!


Gå til EveR Designs Hjemmeside
Design & Graphics
2004 © EveR Designs
Send oss gjerne en epost