Norsk versjon English version
Tilbake til hovedsida
Informasjon om sida vår
Våre hundar
Våre kvalpar
Resultat
Vorsteh historie
Jakthundtrening
Aktuelle saker
Gjesteboka vår

Kvalpane har no vore på si første utstilling og si første apportprøve. Dei klarte begge delane utmerket.

Alle kvalpane minus "venstre øre" - ei av tispene - slapper av mellom slaga

Her måtte vi vere medan Pavo, Gobi og Grei var på apportprøve.

Gobi og Grei fekk ikkje premie, men Onkel Pavo fekk 1 UK

Her er vi tilbake og Pavo tek sitt dressuransvar på alvor

 

Første dag ute på tur - 21 mai

Kvalpane er Hjørdis og Hera - begge med kvit merke i ørene

Hannhund som pr i dag heiter "Hale" - merka kvit ved halerota har kasta seg over ein papirpose som Bef kom med

Ikkje så lett å få eit samla bilde, men her er iallefall 6 stk. Dei var ikkje akkurat bekymra for å vere på "langtur" for første gong!

 

H-kullet - bildekavalkade frå 14 mai -

Håpar alle kvalpekjøparane syns dei ser OK ut?

Dette er Hjørdis og Hera

Her jakter han på eit skjerf !

Vi nærmar oss !!

 

No er vi blitt 2 veker gamle - drikk masse mjølk og ligg ellers stille og sover. Vi har såvidt begynt å opne augene

 

Kvalpane ei veke gamle

 

 

Kvalpane 2 dagar gamle

Mor passer på - kjekt med eit heilbrunt kull igjen

 

Vi er ganske flinke til å slappe av

 

Vi har hatt ei lang natt og har så langt fått 9 kvalpar. Den første kom kl. 00.30 og den siste kl 04.30. Alt gjekk veldig greit og Bef steller alle så grunndig at dei har litt trøbbel med å klare å henge fast i puppen.

Alle kvalpar er heilbrune så her er det mor som har bestemt fargen !

 

Lille Trille - kvalpen til Cita - er no 3 veker gamal og veg 2,4 kg - det å vere enebarn veg tungt !

Ho har såvidt opna augene og ser og høyrer litt - ho går, men det er litt tungt...

Veldig fin brunfarge - som sin mor !

 

 

Vi skriv i dag 27 oktober 2008 og alle kvalpane etter Extra og Amigo har reist heim til sine nye familiar.

Her er Karoline - som i lag med mamma, pappa og Evo har fått lille Geo i huset.

Kvalpane er 6,5 veker gamle på bildet.

Her ser vi frå venstre; Grevinnen av Leina, Gemina, Geo, Gobi, Grei, Geisha og Gela (trur eg..)

 

Her ser vi 3,5 mnd gamle Pavo som driv litt trening med; GELA (over magen), GREI (på golvet inntil Pavo) - vi ser også GAIA (ved veggen) og GOBI (ved den gule dunken).

LYKKE TIL ALLE SAMAN !!!

Søndag 5. oktober hadde vi besøk av familien til Tuva i Melhus og kvalpane fekk sjølvsagt også besøk;

Søndag 28. september og kvalpane nærmar seg 4 veker. Dei veg no ca. 1,5 kg og mor Extra har så mykje mjølk at vi ikkje har starta tilleggsfôringa enda.

Extra har også vist at vi snakkar JAKTHUND når vi har med langhår å gjere - sjekk bildet under;

Dette er fangsten så langt i haust - det er skutt 4 skogsfugl for Extra frå kvalpane var 2,5 veke til 3,5 veke!!

Den skal tidlig krøkes osv...

I kvalpekassa er det heller ikkje mangel på sosial trening. Her er det Mette, bestemor Centa og "onkel" Pavo som besøker de søte små.

16. september er kvalpane blitt 2 veker gamle og dei fleste veg no over 1 kg. I løpet av helga er det blitt liv i kvalpekassa så no er det ikkje stille og roleg lenger - og verre skal det bli. Kvalpane opna augene såvidt for 3 dagar sidan, men det tek enda ei tid før dei ser godt. Dei høyrer fortsatt svært lite.

Som bildet viser er ikkje augene heilt oppe enda og det er lett å sjå at dei ikkje er klare og fine enda.

Her er heile gjengen

Her kan vi så vidt sjå at dei brune flekkane i det kvite er på veg - det viser godt på høgre framfot.

"En lang natt's ferd mot dag er over" og vi har 8 nye hundar i huset.

Kvalpinga starta mandag ca. kl. 11 med første stadiet og første kvalp kom kl. 03.00 natt til tirsdag. Det gjekk i snitt 1,5 timar mellom kvar kvalp og sistemann var ute kl. 12.30 tirsdag 2. sept. Vi fekk dessverre litt for få hannhundar i forhold til det vi har "bestilling" på, men vi må ta det vi får.

Som det vil gå fram av bilda er alle hundane to-farga - altså ingen heilbrune. Det var vel eigentleg som venta i forhold til farge på foreldra.

HER ER HEILE GJENGEN

Dei fleste kvalpane vil få bruke flekkar i det kvite slik som begge foreldra har.

 

GODT STELL ER VIKTIG

NÅR MOR MÅ UT - ER DETTE EIN GREI PLASS

HER KJEM SISTEMANN !!

 

17.5 Her viser vi først nokre av kvalpane etter EXTRA - rundt 3 mnd alder og lenger ned finn du bilde frå kvalpetesten som vart utført før kvalpane vart levert:

Dette er Fjordlandets Frodo

Dette er Fjordlandets Frøya - som trur ho er ei avis... ho ligg altså i familien sin aviskorg.

Dette er Fjordlandets Funny og Pus i ivrig samtale på trappa

Dette er Fjordlandets Fi-Djervi under trening på rypevinge

Dette er Tundra som er datter av Winther og Julie EG (datter av Klaudius). Tundra er søster til vår lille Bio og bur i Troms - flott natur og flott hund.

 

 

KVALPETEST - UTFØRT SØNDAG 2.APRIL AV PETTER politi:

Petter, som har bror til Bio, utførte kvalpetesten for oss. Vi brukte testen for å finne ut litt meir om kva TYPE hund den enkelte kvalpen var. Etter testen fordelte vi kvalpane på dei ulike kjøparane etter ønske om type hund og kva er faring den enkelte kvalpekjøpar hadde med hund frå før. Dei kvalpane som testen viste kunne bli ei ekstra utfordring vart derfor plassert hos dei mest erfarne kjøparane. Når hundane blir vaksne skal vi teste dei igjen og då blir det spennande å sjå kor stor samanheng vi finn mellom kvalpetest og vaksenadferd.

Bilda er dessverre ikkje så gode - litt krevande lysforhold i dette rommet - som vi ikkje hadde tenkt på..., men her har vi øvelsen apport der ein papirball blir trilla bortover golvet og vi observerer kva kvalpen gjer. Alle kvalpane i dette kullet henta ballen og leverte den til tester.

Dette er øvelse 1 der kvalpen blir satt ned ute til høgre i bildet og skal nærme seg tester og helse på han. Denne kvalpen nærma seg Petter i jamt tempo, men er tydleg forsiktig. Kvalpen løste opp så snart den hadde forsikra seg om at Petter, som ingen av kvalpane hadde helsa på før, ikkje var skummel likevel.

Ja, da - bilde er uskarpt - men vi ser øvelsen der vi testa "jaktlyst" og korleis kvalpen reagerer på noko nytt i rommet.

 

DU TROR DET IKKE FØR DU FÅR SE DET !!

Denne helga starta dressuren for fullt - kvalpane er 6 veker i dag 26. mars. Det som overraska oss var at den mest aktive dressøren var vår 7 mnd gamle tispekvalp Bef. Ho har heilt bevisst dressert alle dei fire som var inne i dag. På bildet ser vi Bef i aksjon og Extra ligg rett ved sida av og ser på.

Det var tildels harde tak og ikkje alle ville gi seg. Dei fleste må nok ha fleire rundar.

Her ser vi tispa med naturleg kvit flekk i nakken som var den første til å underdane seg - eit godt tegn.

Her ligg den same kvalpen stille på golvet lenge etter at Bef har forsvunne og Extra observerer reaksjonen.

Extra syns Rune også treng litt dressur........

Extra tok det heile med ro, men er ganske streng no når dei vil die.

Vi har starta apporttreninga og det går svært bra. Her er det kosebamsen som først er drept og så er det om og gjere å finne eit hjørne for seg sjølv for å spise opp byttet.

Vi kan med stor sikkerheit advare alle som får desse kvalpane i hus snart - DET BLIR LIVAT !!!!

 

 

I dag er det den 20. mars og kvalpane har akkurat fyllt 5 veker. Sist helg hadde dei besøk av Trym og Vegard

Og denne helga (18-19.3) var dei ute for første gong;

Vi hadde og besøk av Guro - det er viktig at kvalpane blir vant med barn sidan dei fleste skal til barnefamiliar

Kvalpane bur no ute i hundegarden og då er det viktig å kome inn på besøk av og til, men det kan vere slitsomt

Tispa på bildet over her er den med kvitt merke på ryggen - skal tru kven ho skal bu hos?

 

Fjordlandets Extra og Filed Trial Champion Wamilanghaar Drumelzier (Jack) sitt kull er her litt over 3 veker

Her er bilde teke 7. mars og SV Bio på 4,5 mnd syns det er viktig å hjelpe til med stellet

"Eplet faller ikke langt fra stammen" er det noko som heiter og far til lille Bio (wINTHER) var også svært opptatt av små kvalpar. Dei små nurka på bilde skal heite; Fryd, Frodo, Frøya, Funny, Fox Fenris, F-Tuva og så ventar vi på resten namna.

Så store er dei no samanlikna med ein fôrkopp - ein hannhund er mindre enn resten og ellers så er vekta no på mellom 1200 og 1400 gram. Dei får ikkje tilleggsfôr enda - berre mjølk frå Extra. Dei får tilleggsfôr frå dei er rundt 4 veker - Extra og kvalpane helsar til Betti og gutta i USA!!

 

Centa og kvalpane. Dette er Centa sitt 2. kull. (Foto: Gunnar Klingwall)
 
Det var 10 kvalpar i kullet og sjølv om Centa har 10 pattar (det normale er 8)
og mykje mjølk; deler eg kullet i to av og til slik at alle kvalpane får jamn tilvekst.
 
Søskenkjærleik (foto: Gunnar Klingwall)
 
Kvalpane er her under eit døgn gamle og "onkel" Winther får faktisk lov
å vere med å stelle - det trur eg er ganske uvanleg!
 
Dei som ikkje dier Centa, tek seg ein kvil i ei soppkorg!
 
Far til Centa sitt kull nr. 2 er Leineri's Swix til Anne Sofie Fagernes Repshus.
 
Dette er Fjordlandets Erja til Gunnar Klingwall - frå ein tur på Mjøsa! (Foto: Gunnar Klingwall)
 
Tilbake til toppen!


Gå til EveR Designs Hjemmeside
Design & Graphics
2004 © EveR Designs
Send oss gjerne en epost