 |
Kullet til Bef har no (des 2010)
blitt 8 mnd gamle og vi har hatt 5 trenings samlingar inkludert
første teorisamling.
Mette har også vore ein tur
i Harstad der eigarane til Hellmo og Harjo hadde teke seg fri frå
jobb for å trene hund i to dagar.
Hero og eigar Per Arne frå
Valderøya på Sunnmøre har teke den 7-8 timars
lange kjøreturen til Skarnes fleire gongar for å trene
3 timar og så kjøre heim igjen. Vi set stor pris på
at kvalpekjøparane våre vil jobbe godt med hundane
dette svært viktige første leveåret.
Laurdag 11 desember hadde vi trening
nr 5 og dette vart den hittil desidert beste treninga. Ein bra runde
med dressur først og så ein tilmålt dose duer
pr hund etterpå. Bra jobb i går både av førarane
og hundane.
Vi ønsker Hjørdis
og Hugo velkomne til juletrening 2. juledag og er det fleire i kullet
(eller G-kullet) som kan tenke seg eit avbrekk frå julematen
så er dokke også velkomne. Neste trening etter dette
blir sannsynlegvis helga 8.9 januar.

Her ser vi Hunter
nærmast kamera og Hero lengst borte - dei har ikkje heilt
fått med seg dette med ro i oppflukt enda... årsaken
ser vi lengste til høgre i bildet.

Hero er ekstra ivring,
men han fekk sittkommando og rett etter at dette bildet vart teke
satt han seg .. faktisk! Bilda er frå treninga i november
2010.

I går, 11 desember,
var det trening igjen. Denne gong med Hevvi, Hunter og Hera + "bror"
til Hunter (klubbmester SV Scott)

Det hadde skjedd
mykje med hundane på dei tre vekene sidan sist trening og
Hunter er her ikkje i tvil om oppdraget. Sitten begynner også
å nærme seg.

Hera var litt skarpare
på nasen enn sine brødre i går og ho hadde også
dagen m.o.t SITT. Hurra, men det kan gå over...
|
Laurdag 21. mars hadde vi andre samling
for G-kullet og 6 av 8 kvalpar var med. Dei to siste damene i kullet
bur langt mot nord og trener bra der har vi hørt !

Her ser vi f.v: Grom, Gemina,
Gobi, Gaia, Grei og Geisha

Vi starta med litt dressur
og vart ganske flinke etterkvart, men det å sitte med rompa
heilt inn til førers fot og sjå rett fram var litt
vanskeleg.

Dekk derimot (som vi ikkja
hadde øvd på før) var null problem !!

Og kontakta er på plass
- ingen tvil om det

Så var det tid for
trening på fugl og ro i oppflukt

Gaia i full konsentrasjon
på due

Meir eller mindre full konsentrasjon
her

Men, her er fokus på
plass

Her ser vi eigarane i ulike
faser av sitt..... hundane har kontroll !

Geisha og mor er roleg i
oppflukt !

Gobi og due

Gobi og Gemina

Vi avslutta dagen med teori rundt dei ulike
fasane i apporttrening og Gemina er er "frivillig" forsøkskanin.

Og litt mat til dei tobeinte
fekk vi også tid til !
|
Laurdag
14 februar hadde vi første samling
for G-kullet til Extra
Kvalpane er no ca. 5 mnd
gamle

Her ser vi heile gjengen bortsett frå Leina
og Gela i nord - første øving er "gå på
plass og sitt"

Vi trente og på innkalling med litt provokasjon

Etter litt teori rundt trening på "ro i
oppflukt og skudd" var det på tide å praktisere.
Rune har her henta duer og introduserer forsiktig til kvalpane.

Grei syns dette er ganske så spennande

Så var det på tide med enda meir action
- alle i band sjølvsagt slik at ingen springer etter og alle
får ros og roleg tilsnakk. Legg merke til dua !!

Nye hundar og ny due

Her lander dua omtrent på bakken og då
er det iallefall ikkje lett å sette seg...................



Hanne og Grom


Hans Olav og Gaia |
Søndag 5. oktober 2008;
I dag har vi hatt Flower Tuva m/fam frå Melhus på besøk
og trening og Christian og Flaks har vore her. Begge damer gjorde
eit solid, positivt inntrykk og kjem til å bli gode med fortsatt
trening og stadig auka presisjon i treninga.

Vi trente litt apport med Tuva først og så
var det ein runde på fugl

Tuva var ikkje i tvil om kor fuglen
var - ho var litt meir i tvil om ho skulle reise den så vi
prata litt om ulike teknikkar om hunden er forsiktig i reis.

Så var lille Flaks i aksjon
og heller ikkje her var det tivil om at fokus på fugl - det
er i orden. Det var litt meir tvil om det var så kjekt å
apportere heilt etter boka, men vi fekk øvd litt på
det også. I følge Christian er ikkje Flaks heilt tam
når fuglen går, men i dag var ho ganske flink - men
greit å ha line...

Fjordlandets Flaks og Christian anno
oktober 2008
|
Trening på Vinjeveien, ved Koppang, søndag
9. mars 2008

Vi hadde med oss frå venstre: Fryd, Bef,
Frøya og Fox Fenris (Garou)

Vi fekk ein flott dag i litt tung snø - svært varierande
søkskvalitetar, men Fryd er klar for sin første
jaktprøvestart i slutten av mars og vi ønsker lykke
til !!

Helland er midlertidig nede for telling, men Garou ser ut til
å ha situasjonen under kontroll...

GPS'n seier det er 900 m igjen til bilden og det var i grunn
alle fornøgd med
|
Jakta 2007 - nokre minner (foto:
Dag H. Karlsen)

Her rapporterer Centa - sjekk øyrefestet
!

Eit fantastisk bilde av Scott (sønn av
Klaudius)

Wamilaanghar Bef

Bef i line - ho er ikkje ferdig utdanna enda...

Mange rare dyr på fjellet i år

Darwin i fint driv

Husets herre og våre tre hundar; Centa,
Bef og Bio
|
Så var det på'n igjen
med samling i mai 2007 med 6 av 10 unghundar tilstades

Her har vi frå venstre; Garou,
Fryd, Flaks, Frøya, Blixtra og Frodo |
Siste samling i 2006 - vi kan vel seie at det var første
deleksamen på veg mot dressert og glad fuglehund - gjekk av
stabelen 25-26 nov i Sverige.

Her ser vi kursleiar Leif og F. Einstein (som er
onskel til kullet som var på treningstur) - her skulle vi
få demonstrert ein av mange metodar for å jobbe med
hundar som er trege å reise.
 
Det Leif viser her er ein metode å få hunden til å
slappa av litt meir før du gir reisingsordre. Når hunden
senker halen litt eller beveger den forsiktig kan du forsøke
å gi reisingsordre. Senka hale er eit tegn på at hunden
ikkje er så låst som den er i starten.
 
Her ser vi Fryd og Rune på jakt etter rapphøns - her
er det iallefall ikkje så lett å springe etter......
treninga foregår i line.

Her har Funny tatt stand på sin aller første
rapphøns - på ca. 5 cm avstand.

Hundefolk er kanskje ikkje som andre folk - bruke
ein god del pengar og tid på å trene hunden i Sverige
i møkkaver når vi kunne vore heime og slappa av i sofakroken.
Her ser vi eit eksemplar hundeiegar i fri dressur - det regna heile
laurdag og her kan den som ser godt skimte Frodo som skal sitte
og vente på innkalliingsorde.

Vi hadde og eit kort og forsiktig tur inn i volieren
og berre dei som var rolege på utsida fekk vere med inn. Unghundane
er berre 9 mnd gamle og det er svært viktig å lese reaksjonen
til hunden og ikkje gå for langt. FUGL SKAL VERE POSITIVT
!
|
Vi trener og vi trener og laurdag 28. okt hadde vi samling igjen
på Oppstad og trente på FASAN for første gong.
I slutten av november skal vi til Dylta og der blir det meir trening
på både fasan og rapphøns. Før det skal
fleire i kullet stillast ut ved Nordisk Vinnerutstilling i Vikingskipet.

Her ser vi FRYD i sin første stand på
fasan.

Til venstre har FLAKS funne fugl og til høgre
ser vi bror Fox Fenris

Og her er to av gutta - den eine "med vinger"
|
30. september hadde vi treningssamling nr. 3 og tema er fortsatt
ro i oppflukt. Alle merkar nok at det er ein ting å trene
heime i kjent miljø - noko anna er å skulle sitte stille
når ein fugl flyg opp rett framfor nasen på hunden og
det i tillegg er andre hundar rett ved sida av.
 
Her ser vi til venstre Fryd og til høgre
Fjell-Blixtra - begge i stand

Fryd og Frodo i aksjon - som vi ser er ikkje
sitten heilt automatisert enda..
|
26. august hadde vi samling nr. 2. Her vart hundane, som no er
6 mnd gamle, vurdert mht eksteriør, hold og adferd. I tillegg
trente vi litt dressur, gjekk gjennom teori rundt vår måte
å trene ro i oppflukt og avslutta med støkktrening
på duer.
Her har vi to av gutta; Bjørn og Fox Fenris
(Garou)

Vidare har vi Charles og Fi-Djervi

Det er ikkje så ofte vi får unghundane
til å stå pent når vi skal ta bilde, men er er
eit godt døme!

Eit litt uklart bilde, men det er Christian og Flaks

Her er Terje og Flower Tuva som kom heilt frå
Trondheim
Her har vi hannhund nr. 2 Frodo med eigar Tone
 
Fi-Djervi har fått dua på vingane og blir
roa. Alt skal foregå stille og roleg og det forutsetter at
hunden går i line.
 .jpg)
Frodo på jakt etter dua, men akk med line på
kjem han ikkje så langt som han kunne tenke seg.

Flaks ser etter dua !

Ja, da Fox Fenris syns og duer er spennande !!!
 
Flower Tuva og Terje in action !! |
Vi startar trening tidleg og den 10 juni 2006 hadde vi første
samling for kullet etter Extra og "Jack.
På samlinga hadde vi først teori om fôring og
trening av unghund v/veterinær Bjarne Kvale (som er oppdretter
av vår Vingerlia's Winther) - vidare var det sjekk av hold,
tenner og pels før vi avslutta med det første møte
med fugl. Det er alltid spennande å sjå kva jobb kvalpekjøparane
har lagt ned i kvalpen ved 4 mnd alder og vi var veldig imponert
av det som var gjort i dette kullet. Dei fleste forventa faktisk
at kvalpen skulle bli sittande på plass då dei gjekk
frå kvalpen for å sjå nærmare på korleis
ein kunne tømme analkjertlar. Det å bli sittande stille
med ein god del provokasjon rundt, kan vere vanskeleg nok for ein
voksen hund SÅ DETTE VAR BRA FOLKENS - VI ER SVÆRT FORNØGDE
MED DET ARBEIDET SOM ER GJORT SÅ LANGT !!!!!!!!!!!!!

Her ser vi ein av dei håpefulle under nøye
eksaminasjon
Her ser vi ein av Winther side barnebarn (mor er
Maud/Assa til Eirik Telje) - ein fin hannhund i korrekt hold.

Her viser Bjarne at hos ein kvalp i korrekt hold
skal vi lett sjå kvar hoftebeina er og vi skal også
kunne sjå dei to bakerste ribbeina når hunden beveger
seg. På hundar med mykje pels kan det vere vanskeleg å
sjå så då må vi kjenne godt på hunden.

Her ser vi minsten i kullet som no nesten var den
største. Han var mykje mindre enn dei andre ved fødsel
og var til tider berre halvparten så tung som sine kullsøsken.
Det blir interessant å sjå kor stor han blir som voksen
i forhold til sine søsken.

Her ser vi gjengen sitt første møte
med fugl og det var ganske interessant |
Bef har starta treninga som skal resultere i ein
god og glad jakthund!

Bilde er frå 22. januar og Bef er her litt
over 5 mnd
Etter stand skal vi teste om Bef er frisk eller
forsiktig når ho skal reise fugl - spennande sidan Centa er
forsiktig

Yes ! Bef var ikkje i tvil om kva ho skulle gjere
når ho fekk JA kommandoen - alt bra så langt
Klarer Bef å roe seg ned etter at fuglen har
letta?
Med litt hjelp går det meste bra, men vi har
eit godt stykke igjen
Førnøgd hund og eigar

Nedanfor er vi på trening på Dylta |
|
Ei helg i mai 2004 var det trening på
Dylta bruk i Sverige.
Vi hadde med 5 avkom etter SV Winther og 2 avkom etter LV Centa
(Darwin og Erja). (Foto: Gunnar Klingwall) |
| |
|
Ein viktig del av treninga på Dylta er
å øve på å vere roleg
sjølv om det er mykje fugl i nærheita. Her ser vi Darwin
som
ikkje syns det er heilt greit å ligge stille i en sådan
stund.
(Foto: Gunnar Klingwall) |
| |
|
Gunnar og Erja ser litt meir avslappa ut, men
det er mogleg skinnet bedrar?
(Foto: Gunnar Klingwall) |
| |
|
Variert trening må til i løpet
av 3 innhaldsrike dagar.
Det er svært viktig at treninga blir tilpassa og posjonert
ut i forhold til kva din hund tåler.
Her er det så mange inntrykk at det kan blir altfor mykje
- den enkelte førar må følge godt med
på reaksjonane til hunden og ta ein pause
eller gi seg før det blir for mykje for hunden.
(Foto: Gunnar Klingwall) |
| |
|
Arja til Grete og Jørgen i full konsentrasjon.
(Foto: Gunnar Klingwall) |
| |
|
Her ser vi Erja til Gunnar og Gunn øve
på reis. Førar er Leif på Dylta.
(Foto: Gunnar Klingwall) |
| |
|
Dette er litt meir i Darwin sin ånd -
litt ACTION!!! (Foto: Gunnar Klingwall) |
| |
|
SV Maud har akkurat reist fugl og setter seg
fint. Førar (Eirik)
klappar hunden roleg og snakkar lavt og roleg slik at hunden fortare
roar seg ned. Det er viktig at vi i treningssituasjon som her brukar
så lite volum på stemma som mogleg når hunden
skal sitte etter
oppflukt. Då har vi litt meir å gå på i
dei situasjonane det er
ekstra viktig at hunden sett seg - primært på jakt,
men
og på jaktprøver. (Foto: Gunnar Klingwall) |
| |
|
Erja er her på jakt for første
gong. (Foto: Gunnar Klingwall) |
| |
|
Ein fugl er skutt og Erja følger sine
instinkt og apporterer fuglen.
(Foto: Gunnar Klingwall) |
| |
|
Centa visar korleis det skal gjerast, Deniro,
Darwin og Dino følger med. |
| |
|
Deniro, frå første kull, har nærstand
på fasan. |
| |
|
Centa og matmor på jakt! |
| |
| |